Ei lita jente møtte eg
ein gong på framand stad.
Ho kom mot meg med lette steg,
og smilte, trygg og glad.
Ho var vel ein sju - åtte år,
var fattig kledd, men sunn
og vakker, med sitt mjuke hår
og kjaken frisk og rund.
"Kor mange sysken har vel du?"
sa eg. Straks fekk eg svar :
"Kor mange sysken? Vi er sju.
Sju born har mor og far."
"Kvar er dei andre?" sa eg så
og atter svara ho:
"To er i byen, langt herfrå,
og ut til sjøs drog to.
"To ligg på kyrkjegarden her,
ei syster og ein bror.
Og i et hus tett innmed der,
bur eg med far og mor."
Eg drygde litt, så spurde eg:
"Og enda seier du
at de er sju?" - ho såg på meg,
ho sa : "Ja, vi er sju."
"Men kjære barn, du veit da visst :
Om fire heim att kjem,
er to av dykk for evig mist,
no er de bare fem!"
"På gravene veks blom og gras",
sa veslejenta fort,
"eg ser dei frå vårt kjøkenglas
og tidt eg spring dit bort.
Der er eg alltid trygg og sæl,
eg set meg der og syr,
eg syng for dei, og tidt fortel
eg dei et eventyr.
Og mang ein kveld når sol går ned
og det er vakkert ver,
da tek eg mjølk og niste med,
så et eg kveldsmat der.
Først døde Anna, syster mi.
Ho sjukna inn så brått.
Ho låg og leid ei lita tid,
men så fekk ho det godt.
Da snøen kom og la seg til,
så eg fekk ut på ski,
vart Veslebror og kvit og still
og gjekk til syster mi."
"Men vesle jente, desse to
er døde, skjøner du!
Kor mange sysken har du no?"
Ho svara : "Vi er sju."
"Men dei er døde, barnet mitt!
I himlen får dei bu!"
- Den vesle jenta stod på sitt,
ho svara, like fast og blidt :
"Ja, visst. Og vi er sju."
Av William Wordsworth
Oversatt av Halldis Moren Vesaas
- Høyt elsket, aldri glemt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Et lite innspill fra deg gjør meg alltid glad! :)